8. november 2009

New York III: På brua

Ein tur over Brooklyn Bridge er sjølvsagt obligatorisk, og litt livsfarleg, sidan folk syklar i full fart fram og tilbake over den same brua. Det må vere ein tolmodsprøve for syklistane å sikksakke mellom alle turistane som glatt overser sykkelsti-oppmerkinga for å få teke berre eitt bilete til...











Lyst

Vi tilbrakte dagen i Brooklyn i påvente av at det skulle nærme seg skumring, så vi ikkje berre fekk den berømte Manhattan-utsikta i ansiktet heile vegen (mange går frå Manhattan til Brooklyn), men i tillegg utsikt både by day og night.











Halvmørkt

Sjølv med mine svært begrensa fotokunnskapar (og objektivet som veslebroren ikkje ville ha lenger, faktisk ville han så gjerne bli kvitt det at eg fekk det gratis), kunne til og med eg forstå at det lønner seg med eit speilreflekskamera i mørket.











Heilt mørkt

På fredag er det tid for tur igjen. Denne gongen eit godt stykke austover, og eit godt stykke sørover. Eg ser fram til varme, regntid, strender og leirliv. Stay tuned.

23. oktober 2009

Nemlig.

Det var billettkontroll på Jernbanetorget T-banestasjon i dag. Eg leverte det elektroniske månadskortet mitt til inspeksjon. Kontrolløren fann fram kortlesaren, og vart så ståande og riste på hovudet ei lang stund medan han prøvde om og om igjen å lese kortet, og det var tydeleg at noko ikkje stemte. Billetten på kortet er gyldig i over ei veke framleis, så eg var allereie igang med å planlegge forsvarstalen min i hovudet då kontrollør nummer to kikka nummer ein over skuldra og sa:

"Det er riktig, det der. Hun er nok voksen."

11. oktober 2009

New York II: Betraktningar

1. Alle snakkar så fort at eg nesten alltid må spørre kva dei seier.
2. Og så er dei så høflege!
3. Manhattan er mykje mindre enn eg hadde sett for meg. Ein kan gå overalt, nesten.
5. Dersom ein er kjempesvolten, er det lurt å ete asiatisk mat. Står på bordet nesten før ein har bestilt.
6. Det er nesten berre gamle menneske som tek buss.
7. Eg ser ikkje for meg éin einaste situasjon der ein skulle få bruk for ei gul drosje, med 24 timers subway. Likevel er dei overalt.
8. Det ser ut akkurat som på film.
9. Eg kunne sikkert hatt bagel med cream cheese og grapefruktjuice til frokost kvar dag utan å bli lei.
10. Pannekaker med sirup er eg meir usikker på.













4. oktober 2009

New York I: Stor by. Høgt hus.






















24. september 2009

so long

Fosen er ganske eksotisk. Eg har for eksempel aldri tatt eit fly som var så lite at eg ikkje kunne stå oppreist i midtgangen før, og trudde eigentleg heilt til no at Widerøe-flyet til Førde var ganske lite. Flyet til Ørland, derimot, det er faktisk lite heilt på ordentleg, og dessutan får ein både kaffi og Rittersport-sjokolade der. Feltarbeid er eigentleg ganske gøy. Og eg kan gjerne ete røykelaks til frokost, blåskjell til lunsj og firerettars gourmetmiddag litt oftare. Bra tur, altså.

No stikk eg til New York ei vekes tid. Det blir sikkert også bra. Ha det fint.

22. september 2009

latskap

Eg gidd ikkje å skrive noko sjølv, men viss nokon er interesserte i kva eg driv med for tida, kan eg anbefale denne bloggen i staden. Føde for nerdesjelar.

2. september 2009

Tunfisksalat

Eg er middagslei for tida. Stadig oftare har eg meir lyst på ferskt brød med godt pålegg enn middagsmat. Og kvifor ikkje? Ein klassikar eg nesten hadde gløymt, dukka opp på jobben her om dagen, og eg vart straks inspirert. Her er oppskrifta mi på tunfisksalat:

to boksar tunfisk i vatn
ein halv raudlauk
4-5 skiver sylteagurk
majones
yoghurt naturell
peppar

Hakk raudlauken og sylteagurken (gi det gjerne ein sjanse sjølv om du ikkje eigentleg er ein sylteagurk-person, det set ein fin spiss på salaten utan å vere ein dominerande smak). Bland saman tunfisk, raudlauk, sylteagurk og ein god del peppar. Ha i majones og yoghurt (yoghurten kan også byttast ut med rømme, crème fraîche eller kesam, og forholdet bestemmer du sjølv, eg likar lite majones og masse yoghurt) til passe konsistens. Et! Eg varmar gjerne halvsteikte grove rundstykke, lessar på med tunfisksalat og toppar med eit par ekstra skiver sylteagurk. Godt!

Eg skulle gjerne illustrert med eit bilete av stasen, men vart så svolten at eg åt det opp før eg fekk henta kameraet. I staden viser eg fram det nye rommet mitt, der eg no nesten har komt i orden, og likar meg veldig godt. Det vart litt meir styr med flyttinga enn strengt tatt nødvendig, mellom anna greidde eg kunststykket å bli fråstolen ei seng! Men når eg har fått det heile litt på avstand, er eg svært så fornøgd. Eigentleg burde alle bu eit par år på eit kott, for etterpå set ein så stor pris på litt golvplass!